Melding om installasjonsarbeid

Me tilstreber at planlegging og framføring av straum skal skje på best mogeleg måte for våre nettkundar og Kvam Energi Nett. Ta derfor kontakt med oss så tidleg som mogeleg, slik at me saman kan finne den beste løysinga for straum til anlegget.

Me nyttar Elwin for å handtere meldingar om installasjonsarbeid.

Installatør må senda melding til netteigaren i god tid før han startar eit installasjonsarbeid som medfører arbeid med stikkleidning, eller som medfører endring av kortslutnings- eller overbelastningsvern.

Me nyttar REN standard i planlegging/utførelse av anlegg og utrekning av eventuelle anleggsbidrag. Link for tilgang til dei mest relevante REN Blad finn du her.

Kvam Energi Nett forventar at installatørforetak nyttar gjeldande standarder, som t.d. NEK:399 og NEK:400 i sin planlegging og utførelse av installasjonen.

For å verte brukar må du som installatør registrere deg hjå oss. Kontakt DLE på epost: kundeservice@kvamenerginett.no eller ring 56553300

Les vår forenkla brukarveiledning nedst på sida for utfylling av melding. Dette for å unngå at melding vert avslått grunna mangelfull eller feil informasjon.

(I nokre tilfeller er meldinga “rett” utfyllt, men grunna vurderingar/informasjon som nettselskapet har, vert den alikevell sendt i retur som avslått. Årsak for avslåing skal stå i kommentarfeltet)

Mann som jobbar med framføring av straum

Saksgang

  • Installatør skal senda skjema til netteigaren i god tid før han startar eit installasjonsarbeid som medfører arbeid med stikkleidning, eller som medfører endring av kortslutnings- eller overbelastningsvern.

    Arbeid som medfører endring iforhold til straummåler, skal og sendast melding på.

  • Les eventuelle kommentar fra saksbehandler.

    Når installatør er klar for spenningssetting, sender ein ferdigmelding tilbake til nettselskapet.

  • For at installasjonen eller anlegget skal kunne spenning setjast er det eit par ufråvikelege krav frå nettselskapet:

    • Ferdigmelding skal være sendt nettselskapet.

    • Tilstrekkelig overdekning av tilførselskabel

    • Beskyttelsesledere skal være tilkopla og dokumentert

    • Eventuelle anleggsbidrag skal være betalt

    I.h.t NEK 399 10.1.1 veiledning 2, bemyndiggjer nettselskapet godkjent installatør for tilkopling av stikkledning i anlegget.

  • Årsak til at meldinga er avslått skal være beskrevet i meldinga. For ytterligere spørsmål kontaktar du saksbehandlar.

  • Er det avkryssa på standard verdiar på melding, er det desse som gjeld:

    Ik3max : mindre eller lik 6kA

    IK2min: større eller lik 0,8kA

Val av installasjonstyper i Elwin Installatørmedling:

    • Benyttes ved ny installasjon, der ny stikkledning legges inn til for eksempel ny bolig

    I tillegg det krysses av for Nytt anlegg, slik at det vert generert eit målepunkt.

  • Dette valget genererer eit nytt målepunkt. Det kan brukes dersom man har ein eksisterande installasjon, der det f.eks skal lages ny leilighet i kjeller.

    Overbelastningsvernet (OV) er vernet som begrenser kor mykje effekt installasjonen har fått godkjent å nytte av nettselskapet. (grunna trafokapasitet, belastning på tilførselskabler, spenningsfall osv)

    Hovedsikring er vernet som er plassert føre kvart anlegg (altså før kvar straummålar).

    Målarnummer for den eksisterande installasjonen må fyllast ut i feltet “Målarnr. på eksisterande installasjon”

  • Skal brukes ved for eksempel solcelle installasjon. Meir info om solceller under.

    Utvidelse skal og krysses av ved vesentlig endring av det elektriske anlegget.

  • Brukast når det er ønske om større eller mindre overbelastningsvern, eller endring til 3-faset installasjon. Ved behov for større kapasitet, kan det tilkomme anleggsbidrag for nødvendig forsterkning.

    Overbelastningsvernet (OV) er vernet som begrenser kor mykje effekt som kan trekkast ut av stikkledningen.

    Hovedsikring er vernet som er plassert føre kvart anlegg (altså før kvar straummålar).

  • Brukes dersom installasjonsarbeidet har konsekvenser for måling eller måler-utrustning som:

    • Skifte av målersløyfe

    • Flytting av måler

    • Sammenkobling av anlegg

    Du må alltid oppgi målernummer i den eksisterende installasjonen.

  • Brukast om anlegget får vesentlig bruksendring. F.eks fra landbruk til bolig.

Typar installasjonsarbeid

  • Her skal det velges Utviding og Arbeid i målepunkt. Og eventuelt andre relevante kryss om det er aktuelt.

    I tileggsopplysningar treng me informasjon om:

    • Totaleffekt

    • Antall panel

    • Effekt pr. panel

    Datablad på inverter må legges ved som vedlegg.

    Dersom behov for auke/utviding av kapasitet på Overbelastningsvern eller utviding frå 1-fase til 3-fase må dette søkast om på eigen installatørmelding til nettselskapet. Dette anbefaler me sterkt vert gjort før ein bestiller produksjons-/solcelle anlegg. Årsak for dette er at det kan komme anleggsbidrag/kostnad mot kunde som fylgje av utvidinga/auken.

    Der det er meldt inn auke/utviding av OV må denne meldinga vere godkjent av (KEN) og kunde ha godtatt eventuelle anleggsbidrag før melding om solceller vert behandla av nettselskapet.

    Les meir om plusskundar og solceller her

  • Midlertidige installasjonar skal minst ha same sikkerheitsnivå som permanente installasjonar.

    Nettselskapets tilførselskabel skal alltid være tildekka forskriftsmessig om den er spenningsatt. Ved eventuell flytting skal kabel gjøres spenningslaus. Tilkoplingar skal da kontrolleres før spenning vert påsatt igjen.

    Sjå forøvrig eiga side om midlertidige anlegg og byggestraum.

  • Då skal de krysse av for arbeid i målepunkt og utvidelse.

  • Eksempel:

    • EX til kabel

    • Fornying av eldre kabelanlegg

    • Montasje av utvendig tilknytingsskap på eksisterande stikkleidning

    Skal krysses av: arbeid i målepunkt og utvidelse.

    (Då vil det ikkje verte oppretta nytt målepunkt, slik at installasjonens eigar/nettkunde beheld målepunktid mot nettselskap og elhub. (forbrukshistorikk, eventuelle straumavtalar og andre juridiske avtalar vert då ikkje endra)