Ny eller endre installasjon
Dersom du skal ha straum til eit nytt elektrisk anlegg eller endre på eit eksisterande anlegg som påverkar Kvam Energi Nett sitt nett, må du sende inn søknad via elektroinstallatør.
Døme på endring kan vera utviding av inntakssikringar/overbelastningsvern eller nybygg.
Du må ta kontakt med din elektroinstallatør så tidleg som mogeleg i prosjektet. Då melder ein inn effektbehov, slik at Kvam Energi Nett kan beregne spenning, plassering av stikkledning, grøfter, kostnader og eventuelt andre opplysningar om straumtilførselen .
Vi ber om å få oppgitt eventuelt tomtenummer, gnr/bnr, eigar/kunde, adresse, telefonnr og oversendt kart for tomt i uregulert område.
Kostnadar i samband med eventuelle utbyggingstiltak i straumnettet må dekkast av utbyggjar i form av eit anleggsbidrag (nve.no). Derfor treng me og adresse til eventuell fakturamottakar for anleggsbidrag.
Vi inngår alltid skriftleg tilknytningsavtale før tilknytning av nye installasjoner.